Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiesprek, faget for deg som vil ha ein aktiv skulekvardag

Studiesprek er eit programfag du kan velja på Vg1, og er eit femtimarsfag. Faget inneheld ulike trening- og aktivitetsformer der vi saman jobbar mot ein betre fysisk form, i kjekke omgjevnadar. Vi brukar dei gode fasilitetane vi har på skulen, samt den flotte naturen Voss har å by på. Her er det ingen krav til fysiske ferdigheiter, faget passar for dei som er spreke, som ønskjer å bli spreke eller som berre vil ha ein meir variert skulekvardag. Ei overordna målsetjing er å prøva ut ulike aktivitetar. Om du ønskjer kan du nytta faget som eit valfritt programfag på Vg2 eller Vg3.

Aktivitetar vi er innom:

  • Styrketrening som CrossFit, sirkeltrening, kroppsvektstrening og trening med vekter
  • Ulike treningsformer med catslides, bungee-strikkar, basisballar, slynger, step
  • Uthaldstrening som spinning, intervallar, hinderløype
  • Rørsletrening og mobilitet
  • Padling i kajakk
  • Ski på vinteren
  • Fjellturar
  • Bruk av Vossabadet
  • Klatring
  • Stisykling

Vidare kan du velja programfaget Breiddeidrett på Vg2 og Vg3.

Saman er vi spreke!