Realfag
Realfagskompetanse er sterkt etterspurt av industri, næringsliv og offentlege institusjonar, og kvalifiserer for mange spanande og utfordrande stillingar. Realfag gjev deg dessutan gode moglegheiter til å påverke og utvikle samfunnet vårt mot ei berekraftig framtid på mange område.
For å ta ein del høgare utdanningar som sivilingeniør-, medisin-, odontologi- og veterinærstudiet, må du ha spesiell studiekompetanse, og det får du ved å ta ulike kombinasjonar av realfag. For eit fullstendig oversyn over studium som krev spesiell studiekompetanse, sjå her.
Voss gymnas har eit breitt realfagstilbod, der du kan velje mellom desse realfaga: matematikk, fysikk, kjemi, biologi og informasjonsteknologi.
I tillegg til det teoretiske, inneheld realfaga forsøk og praktiske oppgåver, som gjer faga annleis og spennande.