Naturfag
I fyrste klasse har alle fem timar naturfag, der ein får eit breitt grunnlag innan realfag, og får læra seg både naturfagleg teori og praktisk forsøksarbeid. Faget minner på mange måtar om naturfag frå
ungdomsskulen. Emne me arbeider med er: økologi, gen og arv, genteknologi, energi, kjemi, stråling, næringsstoff, universet og miljø. Her er altså emne frå både kjemi, biologi og fysikk, noko som gjev naudsynt kompetanse for å velja programfag innan realfag seinare. Me utfører ei rekkje forsøk i faget, noko mange elevar tykkjer er kjekt.