Matematikk, 1T og 1P
I fyrste klasse kan ein velja om ein vil ta 1P- eller 1T-matematikk.
Båe faga har like mange timar i veka, og tel like mykje på vitnemålet. Skilnadane er:
1T, Teoretisk matematikk
- er meir teoretisk,
- har større pensum og krev større arbeidsinnsats,
- er ein føremon for å studere realfag vidare
1P, Praktisk matematikk
- er meir praktisk retta,
- har mindre pensum og inneheld meir repetisjon
I starten av skuleåret vert det repetisjon frå ungdomstrinnet, der ein kan få prøva seg på både P- og T-oppgåver før ein avgjer om ein vil gå vidare med 1P eller 1T.
Dei som ikkje vel realfagsmatematikk R1 på Vg2 må ha 2P, som er tre timar praktisk matematikk.