Kjemi, KJ1 og KJ2
Kjemi er læra om stoff, korleis dei er bygde opp og korleis dei reagerer med andre stoff.
Alt i og rundt oss er kjemiske stoff bygd opp av ufatteleg små atom med endå mindre partiklar inni seg att. I kjemifaget vert vi godt kjende med desse og med Periodesystemet. Me gjer mange
interessante og artige øvingar, for eksempel å finne jerninnhald i ein «dings», saltinnhald i fjordvatn eller kva for stoff som finst i ei ukjent prøve. I KJ2 besøkjer me Årdal for å studere aluminiumframstilling ved elektrolyse. Både KJ1 og KJ2 vert kravd for å koma inn på desse studiane: medisin, veterinær, odontologi, og human og klinisk ernæring. Det er også ein fordel med minst KJ1 i mange andre studium.