Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjonsteknologi, IT1 og IT2

Informasjonsteknologi er eit praktisk fag som inneheld seks hovudområde. Du vil

  • lære å utvikle nettstader med tekst, lyd, bilete og animasjonar.
  • få øving i å utvikle IT-løysingar med utgangspunkt i databasar.
  • få kjennskap til korleis digitalt utstyr fungerer, og korleis ein skal planlegge og utforme dokumentasjon av ulike IT-løysningar.
  • lære å programmere strukturar og sette saman instruksjonar som kan utførast av datamaskiner.
  • få jobbe med utforming og vurdering av multimedie-applikasjonar med tal, tekst, lyd, bilete, video og animasjonar og lage dataprogram for lokal bruk og publisering på Internett.

Programfaget vil gje deg trening i kreativ tenking, problemløysing og i å formulere presise krav til og skildring av datasystem.