Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fysikk, FY1 og FY2

Fysikk-faget handlar om alt frå dei minste byggesteinane som alt er sett saman av, til Universet og kva det består av. Ein vil oppdaga at alt heng saman og påverkar kvarandre, og at ein kan bruka
matematikk til å beskriva dei fysiske lovene som gjeld i naturen. Emne me arbeider med er mellom anna rørsle, krefter, energi, arbeid, termofysikk, kjerne- og partikkelfysikk, elektrisitet, astrofysikk, kosmologi, relativitetsteori og teknologi. FY1 vert kravd for å kome inn på ein del studiar, som ingeniør- og medisinstudiar. FY2 er svært nyttig dersom ein vel å gå vidare med realfagsstudiar eller sivilingeniørstudiar m.m.