Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Biologi, BI1 og BI2

Bi1 og Bi2 gjev god innføring i organisering og utvikling av biomangfaldet på jorda - og tek opp til drøfting årsaker til at dette mangfaldet er truga i dag.

BI1

Omhandlar m.a. systematikk: Korleis vert det biologiske mangfaldet organisert i taksonomiske system?  - Og spørsmål kring ansvaret for å ta vare på biomangfaldet lokalt og globalt. Cytologi, funksjon og tilpassing, fysiologien til mennesket  er emne du finn i BI1. Her vert t.d. oppbygging av sentrale organsystem tekne med. Dessutan vert bygnad og funksjon hjå ulike dyregrupper samanlikna med vekt på sirkulasjon, gassutveksling, utskiljing. Ekskursjon med feltarbeid lokalt høyrer med i BI1.

BI2

Inneheld emne som energiomsetnad, genetikk, bioteknologi, økologi og evolusjon. Økologien har ein sentral plass i BI2, med m.a. ekskursjon (to dagar) til Finse,  der ein granskar høgfjellet som økosystem.

Biologi er viktig i fagkrinsen for vidare studiar innan realfag, natur- og miljøfag.