Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Voss gymnas

Voss gymnas er ein tradisjonsrik skule som i 2016 feira 100 år! Den vart starta opp i 1916 og sjølve skulebygget stod klar i 1919. Skulen har vore i stadig utvikling og står no framfor ei omfattande utviding og modernisering.

Om skulen

Voss offentlege landsgymnas kom i gang i 1916. Dei siste elevane etter landsgymnasordninga gjekk ut i 1970. Skulen vart overført frå staten til Hordaland fylke i 1965.

Heilt sidan starten har Voss gymnas tilbydd undervisning i allmenne fag. I tråd med Kunnskapsløftet tilbyr skulen i dag ulike utdanningsprogram. Dette er studiespesialiserande utdanningsprogram (med programområde for realfag og språk, samfunnsfag og økonomi), idrettsfag (med breiddeidrett og toppidrett) og utdanningsprogram for musikk, dans og drama.

Dei elevane som vel musikk, dans og drama får noko kjennskap til dans og drama, men hovudvekta vil framleis liggje på musikkfaga.

Utdanningsprogram for idrettsfag har gradvis utvida tilbodet sitt. Innan breiddeidrett har vi fotball, handball og skileik, og på toppidrett har vi alpint, freestyle, langrenn og skiskyting.

Voss gymnas har omlag 350 elevar fordelt på dei tre studieretningane, og omlag 50 lærarar.

Skulen har vorte påbygd og modernisert fleire gonger, men det gamle, staslege hovudbygget inneheld framleis det meste av aktiviteten på skulen.

Fylkestinget har vedteke ny skulestruktur for dei vidaregåande skulane på Voss. I den samanhengen skal Voss gymnas moderniserast. Eit nybygg er tenkt kopla i saman med den gamle hovudbygningen. Etter utbygginga vil skulen ha om lag 600 elevar.

100 år
Voss gymnas feira i 2016 hundreårsjubileum. Skulen starta opp i 1916 og sjølve skulebygget stod klar i 1919. Skulen har vore i stadig utvikling og står no framfor ei omfattande utviding og modernisering.

 

Administrasjon

Administrasjonen finn du i andre etasje i hovedbygget. 

Konsulent Profilbilde av Margunn Sognnes

Margunn Sognnes

Send e-post
Konsulent Profilbilde av Ingunn Anita G Nestås

Ingunn Anita G Nestås

Send e-post

 

Margunn og Ingunn tek imot elevar, gjestar og andre som har spørsmål dei vil ha svar på. I administrasjonen vil du òg finne rektor, elevinspektør og avdelingsleiarar.

Skuleleiing

Rektor Profilbilde av Unn Fauskanger

Unn Fauskanger

Send e-post
Assisterande rektor Profilbilde av Håvard Vambheim Styve

Håvard Vambheim Styve

Send e-post
Kontorleiar Profilbilde av Marianne Merkesdal

Marianne Merkesdal

Send e-post
Fagleiar Profilbilde av Arild Een

Arild Een

Send e-post
Avdelingsleiar - Studiespesialiserande Profilbilde av Nelly Nora Naasen

Nelly Nora Naasen

Send e-post
Avdelingsleiar Musikk, dans og drama og Kunst, design og arkitektur Profilbilde av Knut Brunvoll

Knut Brunvoll

Send e-post
Avdelingsleiar Idrett Profilbilde av Astrid Egge

Astrid Egge

Send e-post
Avdelingsleiar Toppidrett Ski Profilbilde av Knut Steinar Skiple

Knut Steinar Skiple

Send e-post