Helsesjukepleiar
Lars Bonsaksen Haugan (mob 418 63 056) er helsesjukepleiar på Voss gymnas. Han har kontor i fyrste etasje i nyebygget.
Trefftid:
- Tysdag
- 9-13.30
- Onsdag
- 9-13.30 (oddetalsveker)
- 12.30-15.00 (partalsveker)
- Torsdag
- 9-13.30
Helsesjukepleiar har teieplikt og kan hjelpe vidare til fastlege eller annan instans når eleven er einig og etter behov. Helsesjukepleiar samarbeider med skulen i ressursteammøte, med kontaktlærarar, elevinspektør og rådgjevarar. Helsesjukepleiar kan gje råd og vere pådriver i saker som påverkar elevane si helse og trivnad på skulen.
Tid hjå helsesjukepleiar reknast ikkje som fråvær når det er dokumentert.
Dømer på kva det kan vere aktuelt å snakke om:
- Livsstil: søvn, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
- Kroppslege plager
- Psykiske vanskar, som depresjon, angst eller sinne
- Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar eller spørsmål om seksualitet
- Prevensjonsrettleiing og resept på "p-piller"
- Vektvanskar, vanskelig forhold til mat og inntak av næring
- Vanskelige heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien. Rusmiddelbruk hjå deg sjølv eller nokon du kjenner
- Bruk av "anabole steroider"
- Utsatt for (eller vitne til) vald eller overgrep
- Vanskar med å bu i Noreg
Elev- og lærlingombod
Sigrid Isdal og Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.
Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?
Dette og meir kan du snakke med Sigrid eller Venke om. Dei passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Dei har teieplikt!
Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune si nettside. Du finn dei også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Vestland).
Fysioterapeut
Fysioterapeut i vidaregåande skule arbeider med tiltak som skal førebyggja helseplager hos dei unge ved vurderingar, rettleiing og tilrettelegging. Helsesyster eller skulen kan formidle kontakt med fysioterapeut.
Elise Boysen, Telefon: 56521505/91874203
Skulelege
Elevar skal nytta eigen fastlege. Dei som ikkje har fastlege på Voss bør få seg fastlege på Voss. Ynskjer du å byte fastlege må du logge deg inn på helsenorge.no.
Helsesjukepleiar vil, ved behov, kunne nytte seg av skulelege Petter Røhmesmo.
Er det akutt vil legevakta vera eit alternativ.