Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Karakterar og vurdering

Her finn du informasjon om terminkarakterar, standpunktkarakterar, fritak frå fag og fritak frå vurdering i fag, samt informasjon om korleis du klagar på karakterar.

Terminkarakterar

Terminkarakterar får du når eit fag ikkje er avsluttande. Det er ein undervegsvurdering i eit fag og du kan ikkje klage på terminkarakteren.

Standpunktkarakterar

Standpunktkarakterar er karakterar som vert gjeve ved avslutninga av opplæringa i eit fag og skal førast på vitnemålet. Elevar som ikkje har bestått eit fag (karakter 1) kan få høve til å gå opp til «særskilt eksamen» påfølgjande haust. Eleven er sjølv ansvarleg for å melde seg til eksamen og må ta kontakt med fagleiar Arild Een innan 20. august same året for oppmelding til slik eksamen.

Elevar som har fått IV (ikkje vurdering) som standpunktkarakter i eit fag mistar eksamensretten i faget og må sjølv melde seg som privatist i dette faget. Eleven må ta kontakt med privatistkontoret for oppmelding til slik eksamen.

Fritak for fag og vurdering med karakter

Rektor kan, etter søknad og framlegging av dokumentasjon:

  • frita elevar frå fag som inngår i fagfordelinga dersom eleven har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæring i faget
  • frita elevar frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, i samsvar med forskrift til Opplæringslova*
  • frita elevar frå kroppsøvingsfaget, om ein kan dokumentera at deltaking er til skade for eleven

Elevar med fritak i sidemålsvurdering har ikkje fritak frå faget. Dei skal fylgja faget og ha skriftleg undervegsvurdering utan karakter i faget.

Klage på karakter

Elevar som ynskjer å klage på vitnemålskarakterane har 10 dagars frist (frå og med den dagen karakteren er gjort kjent for eleven).

Eleven kan krevje grunngjeving for karakteren før han avgjer om han vil klage eller ei. Retten til grunngjeving gjeld ikkje på skriftlege eksamenskarakterar.

Udir sin informasjon om klage på standpunktkarakter

Korleis klage?

Standpunktkarakter: skriftleg klage til rektor. Klagen skal grunngjevast.

Eksamenskarakter: skriftleg klage, med underskrift, til fagleiar Arild Een. Ved skriftleg eksamen treng du ikkje grunngjeva klagen, ved munnleg eksamen skal klagen grunngjevast.

Privatistar: skal klage til privatistkontoret.

Klagefrist

Klagefristen er 10 dagar. Fristen vert rekna frå den dagen du vart kjent med karakteren eller hadde høve til å verta kjent med karakteren. Merk at det er i Skulearena karakterane vert offentleggjort fyrst.