Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Eksamen

Særskilt tilrettelegging ved eksamen

Har eleven krav på særskilt tilrettelegging til eksamen må eleven søke om det innan 20. april. Søknaden skal sendast til elevinspektør Terje Lydvo. Eleven kan søke om:

  • utvida tid
  • lesehjelp/opplest oppgåve
  • eige rom/kvilerom
  • evt. anna

Eleven må sende ny søknad for kvart år og evt. leggja ved ny og relevant dokumentasjon frå sakkyndig instans. Søknadsskjema finn eleven i Skjema, under Ressursar i faget VGY - info elevar, på Its Learning.

Kva skjer om eleven ikkje møter til eksamen?

Dokumentert fråvær: Elevar som har gyldig fråvær (sjukdom med legeerklæring innan tre dagar etter eksamen) får du tilbod om utsett eksamen. Denne vert gjennomført ved neste eksamensperiode (haust for vår, vår for haust). Elevar er sjølv ansvarleg for å melde seg opp til ein slik eksamen ved å ta kontakt med skulen sitt kontor.

Udokumentert fråvær: Elevar som ikkje møter til eksamen (eventuelt kjem for seint til eksamen) tapar standpunktkarakteren i det aktuelle eksamensfaget og må ta faget som privatist.

Kva skjer om eleven stryk til eksamen?

Då må eleven melde deg opp til ny eksamen i det aktuelle faget ved skulen. Ta kontakt med fagleiar Arild Een innan 20. august om du vil ha ny eksamen. Om eleven ikkje melder deg til fyrste påfølgjande eksamen mister eleven standpunktkarakteren i faget og må ta faget som privatist. Om eleven tek eksamen i eit fag han/ho ikkje har standpunktkarakter i (IV) vert eksamen annullert og eleven må ta faget som privatist.

Får ein vitnemål om ein stryk på eksamen?

Konsekvensen av ikkje å få karakter i eit fag, er at eleven ikkje vil få vitnemål. Eleven får i staden eit kompetansebevis.

Klaging og klagefrist

Om du vil klage sender du ein skriftleg klage, med underskrift, til fagleiar Arild Een. Ved klage på skriftleg eksamen treng du ikkje grunngjeva klagen, ved munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen skal klagen grunngjevast. Privatistar skal klage til privatistkontoret.

Klagefristen er 10 dagar. Fristen vert rekna frå den dagen du vart kjent med karakteren eller hadde høve til å verta kjent med karakteren. Merk at det er i Skulearena karakterane vert offentleggjort fyrst.

Eksamensplan sentral eksamen haust 19

Eksamensplan lokal eksamen haust 19

Eksamensplan sentral eksamen vår 20

Eksamensplan lokal eksamen vår 20

Retningsliner lokalgitt eksamen