Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Datahjelp

Søker du hjelp med data kan du melde i frå til IKT-kontoret i tredje etasje i hovudbygget, eller du kan nytta deg av våre nettsider til å finne løysing på problemet sjølv.

IKT-konsulentar

IKT-konsulent
Profilbilde av John-Heikki Nyyssönen Olsen

John-Heikki Nyyssönen Olsen

Send e-post 57307721
IKT-konsulent
Profilbilde av Atle Andreas Kleppe

Atle Andreas Kleppe

Send e-post 57307722

 

Ofte stilte spørsmål

"Har eg rett til å kjøpa elev-PC gjennom skulen?"

Elevar i vidaregåande skule og deltakarar i vaksenopplæring i den offentlege vidaregåande skulen kan nytte tilbodet om kjøp av ei subsidiert datamaskin. Tilbodet kan berre nyttast éin gong, og som hovudregel berre i Vg1. Årsaka til det er at maskinene er subsidiert og er difor rimelegare enn tilsvarande maskiner kjøpt i butikk.

Meir info om elev-PC finn du ved å klikka deg inn på knappen nedanfor:

Elev-PC

 

"Har eg rett til å få utdelt skulesekk av skulen?"

 Alle nye elevar på Vg1 vil få utdelt skulesekk etter skulestart (sekken kjem i oktober). Sekken har mellom anna plass til PC, og får i år nytt og stilig design.

 

"Korleis kjem eg meg på skulenettet?"

Elevar kjem seg på skulenettet ved å logge seg inn på HFK-Skole med tildelt brukernavn og passord. Om det oppstår problem undervegs kan dei ta kontakt med IKT-kontoret for å få hjelp.

 

"Kva gjer eg viss eg gløymer passordet mitt?"

Elevar og tilsette kan få tilsendt et nytt passord ved å klikka seg inn på knappen nedanfor og følgja instruksane:

Glemt passord

 

 

"Kor kan eg laste ned skuleprogram til maskina mi?"

Elevar kan laste ned nyaste versjon av Office ved å klikka seg inn på knappen nedanfor:

Her må dei logge seg inn med tildelt brukarnamn@iskole.no og passord.

Office 365 pålogging

 

 

Elevar kan også laste ned andre program som blir brukt på skulen ved å klikka seg inn på knappen nedanfor og følgja instruksane:

 Her må dei logge seg inn med tildelt brukarnamn og passord.

Programvare

 

"Korleis sender eg utskrift frå maskina mi til printer?"

Elevar og ansatte kan senda utskrift frå maskina deira til printer ved å klikka seg inn på knappen nedanfor og følgja instruksane:

 Her må dei logga inn med tildelt brukarnamn og passord.

Utskrift

 Inne i programmet trykker ein "Velg Fil"-knappen og vel den fila ein ynskjer å skrive ut. Når rett fil er valgt trykker ein "Neste". Fila blir då sendt til skrivaren.

For å skriva ut fila må ein logga seg på skrivaren ein ynskjer å nytta. Dette kan ein gjera på 2 måter. Ein kan anten nytta eit kort som er blitt registrert opp mot skrivaren. Eller ein kan nytta ein talkode i innloggingsfeltet på skrivaren. 

For elevar er dette mobilnummer + dei 2 siste sifra i personnummeret.

For ansatte er det ansattnummer + fødselsdato.