Lånereglar
Når du låner bøker på biblioteket brukar du nasjonalt lånekort.
Alt materiale som ein tek ut av biblioteket må registrerast.
Lånetida
Fire veker for bøker og e-bøker. E-bøkene vert automatisk tilbakelevert.
Reservering
Utlånte bøker kan reserverast. Du får melding når bøkene vert ledige.
Fornye lån
Viss ingen står på venteliste, kan du fornye låna dine. Dette kan du gjere ved å ta kontakt med bibliotekaren, eller du kan gjere det sjølv på Mine lån eller ved å sende SMS (send BIB FORNY fylgt av nasjonalt lånenummer til 2242 for å fornye. Tenesta kostar 2 kr pr melding).
Mine lån
Erstatning
Du er sjølv ansvarleg for det du har lånt. Om du mistar eller øydelegg noko må du erstatte det. Biblioteket purrar to gonger på sms før det vert sendt ut rekning.