Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkomen til skulestart!

nytt skuleår.png

Velkomen til skulestart for skuleåret 21-22. Her finn du informasjon om oppstartsveka for deg som elev.

Fyrste skuledag er måndag 16. august. Det er ved å møte til denne dagen du takkar ja til skuleplassen din. Denne dagen vil bli nytta til startsamtalar mellom elevar (og føresette for dei som ynskjer) og kontaktlærar. Vidare vil du låne bøker og få deg bokskåp. Du får oppmøtetidspunkt for startsamtalen i SMS frå kontaktlæraren din, eit par dagar før fyrste skuledag.

Det litt ulikt opplegg dei to fyrste dagane i oppstartsveka, alt etter kva trinn du skal starte på. Sjå vedlagte inforskriv om korleis det vert for deg som elev på Vg1, Vg2 eller Vg3.

Oppstart Vg1

Oppstart Vg2

Oppstart Vg3

Foreldre/føresette vil igjennom skuleåretet finne relevant informasjon om Voss gymnas via denne sida.

Me ynskjer alle elevar, enten dei er nye eller har vore her før, hjarteleg velkomen som elev ved Voss gymnas!