Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ut i lære

ut i lære 2.jpg

4 av 5 Vg2-elevar (yrkesfag) på Voss, har fått læreplass pr 20. juni!

4 av 5 Vg2-elevar (yrkesfag) på Voss, har fått læreplass pr 20. juni!

Ved skuleslutt sist fredag, syner tala at av dei Vg2-elevane som vil ut i lære, har heile 82,5% av desse fått læreplass!

Bak desse tala er det på Voss vgs 57 elevar som søkjer læreplass, der 47 av dei no skal ut i lære. For Voss gymnas er tala henholdsvis 17 og 14.

Antal elevar som får læreplass er imidlertid stigande, og vår von er å nå målsettinga om at alle som vil ut i lære skal få oppfylt sitt ynskje. 

Ein del av elevane ynskjer ikkje læreplass, og desse søkjer hovudsakeleg påbygging til generell studiekompetanse.

 

Voss gymnas og Voss vidaregåande skule er to av i alt 6 «pilotskular» som er med i prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære».

Prosjektet har vore operativt sidan våren 2017, og intensjonen er å få fleire elevar til å fullføre den fireårige yrkesfagutdanninga (2 år på skule/2 år i lære).

 

Ut i lære.jpg