Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Treng du teorien får å ta fagbrev i reinhaldsoperatørfaget?

_T6A5547.jpg

Hausten 2020 startar Senter for vaksenopplæring på Voss gymnas opp teorikurs for vaksne elevar i reinhaldsoperatørfaget. Kurset er gratis og søknadsfristen er 1.mai!

Kurset siktar seg mot deg som ynskjer å ta fagbrev som praksiskandidat. Dette vil sei at du er på veg til å samle deg opp 5 års praksis som reinhaldar og treng Vg3-eksamen for å kunne melde deg opp til fagprøve. For å få plass på kurset må du ha minst eitt års erfaring i faget. Undervisninga vil vere på Voss gymnas 3-5 timar ein dag i veka.  

Abraham Berhe gjekk på tilsvarande kurs i 2016/17, og er i arbeid som reinhaldar på Voss gymnas. Han er no på god veg mot fagbrevet som reinhaldsoperatør. Han besto eksamen etter teorikurset og har berre nokre få månadar att før han kan melde seg opp til fagprøva. 

Om kurset seier han: "Kurset eg tok hjalp meg veldig, det blei så mykje lettare å stå på eksamen. Det som også var bra, var at eg kunne ta det ved sida av jobb då det berre er undervisning ein dag i veka. So bra at det no blir nytt kurs på Voss!» 

Du søkjer plass på kurset på www.vigo.no. Hugs søknadsfrist 1. mai! Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med Senter for vaksenopplæring på mail vo.vov@vlfk.no eller på telefon 481 54 669 / 952 15 630.