Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sykkel til jobben 2017

Sykle til skulen.jpg

Denne våren engasjerer skulen seg i to sykkelaksjonar.

Dei siste fem åra har dei tilsette ved Voss gymnas engasjert seg i eit prosjekt der målet har vore å få fleire til å gå eller sykle til arbeid. Utanom helse- og miljøinsentivet har deltakarane i prosjektet vore med i loddtrekking på slutten av skuleåret. Kvar deltakar får lodd i lotteriet med utgangspunkt i kor stor distanse (gå eller sykle) dei totalt sett har generert i prosjektet (ei mil=eitt lodd). På skuleavslutninga er det loddtrekking med flotte vinstar til vinnarane.  Sidan 2015 har elevane vore kopla på same prosjektet. Ordninga for elevane er administrert av elevrådet og trekking av premiar vert føreteke på skuleavslutninga siste skuledag. Sykkelaksjonen går frå og med veke 14 og til og med veke 23.

I tillegg til denne lokale sykkelaksjonen er skulen med i den «sentrale» sykkelaksjonen, nemleg sykletiljobben.no. Denne aksjonen, som bedriftsidretten har arrangert i 44 år, går frå 19. april til 17. juni og hadde i fjor 35 000 deltakarar frå heile Noreg.