Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiesprek!

Studiesprek2.jpg

Fyrste halvår med studiesprek har vore ein suksess

Studiesprek er eit nytt fagtilbod til elevar som går fyrste året på studiespesialiserande. Her går dei to økter i veka med trening i skuletida der elevane har felles timar og er aktive i lag. Dei prøver ut mange ulike treningsformer som crossfit, volleyball, slåball, styrketrening i ulike former. I tillegg har dei fem fagdagar (heile dagar med berre studiesprek) med ulike aktivitetar blant anna sykling, padling og ski. Elevane har òg periodar med eigentrening der dei lagar opplegg sjølve og set fokus på ei sjølvvalt treningsform.

Dei er ein god gjeng som er glad i å vera aktive, og det å trena saman gjer det ekstra kjekt. Ei av elevane seier «…Eg likar at det er ungdommar som har motivasjon for å bli spreke, som trenar i lag! Lærarar som diggar faget, gjer at det blir endå kjekkare!» (Amalie Dalland Istad, 1A). 

Meir informasjon om studiesprek finn du her.