Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skuleval

skuleval.jpg

Brakval for Arbeidarpartiet ved Voss gymnas sitt skuleval

Den 2. september gjekk elevane til valurnene for å røyste på dei 17 partia som hadde lister til fylkestingsvalet for nye Vestland fylkeskommune. Før valet hadde elevane høyrt på ein interessant debatt i idrettshallen samt fått høve til å utfordre dei frammøtte partia på valtorg. 

Vel 86 % av skulen sine elevar valte å nytte røysteretten sin og det er ein oppmøteprosent som i tråd med oppmøte til nasjonale val. 

 Arbeidarpartiet vart den store vinnaren ved Voss gymnas sitt skuleval. Med over 26% av røystene distanserte dei feltet. Næraste parti vart Venstre, med nesten 16% oppslutnad, samt Senterpartiet (13,4%) og Sosialistisk venstreparti 13,1%). Høgre må kunne seiast å vera valtaparen, med berre 1,8% oppslutnad. 

 

Resultatet for skulen som heilskap finn du her

 

Elles kan du lese om skulevalet på lokalavisa Hordaland si nettutgåve.