Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

«Eg har sumarfuglar i magen, dette er som ein draum!»

IMG_0149.JPG

Maria Gahvejian startar opp på vaksenopplæringskurs i barne- og ungdomsarbeidarfaget på Voss gymnas og er veldig spent. I august starta senteret for vaksenopplæring ved Voss gymnas blant anna opp fagopplæring i barne- og ungdomsarbeidarfaget og industriell matproduksjon.

Maria er utdanna lærar frå Syria og fortel at sida ho ikkje har papir frå heimlandet er tilbodet om å ta fagbrev her er ein veldig god moglegheit for henne til å styrkje si kompetanse i Noreg. Ho jobbar no i Voss kommune med barn og ungdom. Venninna og kollega Zahraa Khalaf startar også opp på kurset og forklarar at det er viktig for henne å tenkje på ein best mogleg framtid i Noreg.

- Med barn er det vanskeleg å få gjennomført ein same type utdanning i Bergen til dømes, det er heilt fantastisk at me har eit tilbod på Voss!

Også elevane som startar opp på kurset Industriell matproduksjon er spente og nyfikne. Frode Johnsen som har jobba 8 år i Vossakjøt fortel det er lenge sida han gjekk på skulen og at detta blir nokke nytt. Han forklarar at han trur det å få seg eit fagbrev vil vere veldig nyttig båe i forhold til kompetansen og lønns messig.

- Det blir vel ein del pugging og ser litt omfattande ut, men eg trur dette blir bra.   

I tillegg til fagutdanning i barne- og ungdomsarbeidarfaget og industriell matproduksjon starta det ved Voss Gymnas i august opp kurs i studiespesialiserande fagutdanning og helsefagarbeidarutdanninga som starta opp i vinter fortsette. Gjennom senter for vaksenopplæring på Voss startar det også opp tilbod i helsefagarbeidar og kjemiprosess ved Odda vidaregåande og gartnerfagutdanning ved Hjeltnes i Ulvik. 

mann-voksenopplæring.JPG