Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Høyring

AA Brilliant.JPG

Utkast til nytt ordens- og åtferdsreglement og fråværsreglement er no sendt på høyring med frist 7. november. Høyring om nye prosedyrar for oppfølging av opplæringslova kapittel 9A er òg sendt ut. Frist her er 1. desember.

I samband med fylkeskommunesamanslåinga er det utarbeidd forslag til felles fråværsreglement og felles ordens- og åtferdsreglement for skulane i den nye fylkeskommunen.
Høyringsparter er skulane i Vestland, elevråd, skulemiljøutval, hovudtillitsvalde, Elevorganisasjonen i Hordaland, mobbeombodet, elev- og lærlingombodet.
Andre som ønsker å uttale seg om innhaldet til høyringsutkastet kan også sende høyringssvar.

Høyringsfristen for begge dokumenta er 7. november.

Høyring om ordens- og åtferdsreglement for skulane i Vestland fylkeskommune

Høyring om fråværsreglement for skulane i Vestland fylkeskommune

Vedlagt er utkast til nye prosedyrar for oppfølging av opplæringslova kapittel 9A i nye Vestland fylkeskommune. Dei nye prosedyrane skal vere gjeldande frå 01.01.2020.
Høyringsfrist er 1. desember 2019.

Brev om høyring 

Utkast nye prosedyrar