Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Er du i jobb, men manglar fagbrev?

Foto: Barn og voksen

Fagbrev på jobb er ein ny ordning som rettar seg mot vaksne i arbeidslivet som ønsker å ta fagbrev. Kandidaten må dokumentere eitt år med relevant erfaring frå yrket, og bedriften må vere godkjent lærebedrift, for å kunne nytte ordninga.

Målgruppa er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring. Den som er under opplæring får full løn i læretida. Det er same krav til kunnskap som for alle andre vegar til fag- og sveinebrev. Ordninga har inga aldersavgrensing, personar under 25 år kan òg teikne kontrakt om fagbrev på jobb.

Les meir om ordninga her! Ta kontakt med Senter for vaksenopplæring ved Voss gymnas for spørsmål.