Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

«Å ta fagbrev gir meg meistring og ikkje minst er det kjekt å gå på skulen att!»

Randi.jpg

Randi Østerbø Jansen (51) serverer kaffi til Anne Sofie Berge på Vetleflaten omsorgssenter, og fortel om utdanninga ho tar ved Voss gymnas for å kunne ta fagbrev som helsefagarbeidar. I august 2019 startar senter for vaksenopplæring hjå Voss gymnas opp eit nytt løp for dei som ynskjer seg ei fagutdanning i helsefagarbeidarfaget. Vil du ta fagbrevet som vaksen, da har du moglegheita no!

Randi bestemte seg i vaksen alder at ho ville jobbe innan helse, og seier at det da ikkje var aktuelt å ikkje ta fagbrev. Randi jobbar på Vetleflaten og får mykje av praksisen her. «Jobben er veldig gjevande! Det kjenst bra og bidra til noko godt i samfunnet!» forklarar ho. 

Senter for vaksenopplæring ved Voss Gymnas tilbyr helsefagarbeidar som deltidsutdanning over 2 år, 2 dagar i veka. Etter teoriopplæring treng ein læreplass i ei bedrift om ein ikkje har 5 år praksis frå før i faget. Randi har allereie mykje av praksisen på plass. 

Anne Sofie som bur på Vetleflaten, og som sjølv er tidlegare sjukepleiar, er særs nøgd med pleia og servicen ho får frå Randi og seier det er viktig at dei som jobbar med eldre og sjuke er faglærde. «Åh ja, du merker fort om nokon er utdanna eller ikkje. Og om dei har ein interesse for faget!» fortel ho ut frå eigne erfaringar.    

Randi fortel vidare at det å ta utdanning i vaksen alder berre er positivt. Livserfaringa er ein viktig del ein tek med seg inn i klasserommet. «I klassen er det elevar i ulike aldrar, men ein gløymer liksom alder, eg føler meg som ein ungdom att!» fortel Randi.

Siren Vethe, avdelingsleiar på Vetleflaten, er og veldig positiv til tilsette som tek fagutdanning i vaksen alder. «Når du er vaksen, veit du kva du vil! Dessutan er bebuarane hjå oss sjukare enn tidlegare når dei får tilbod om plass, og det er mange utfordringar i arbeidet hos oss. Du skal kunne snakka om døden, handtere medisinar, og vere ein trygg tilsett både for bebuarar og pårørande. Fagutdanning er derfor viktigare en nokon gong!»

Siren Vethe

I august 2019 startar senter for vaksenopplæring hjå Voss gymnas opp eit nytt løp for dei som ynskjer seg ei fagutdanning i helsefagarbeidarfaget. Søknadsfristen er 1.april og du søkjar på vigo.no. Søkjarar som tidlegare ikkje har fullført vidaregåande opplæring, vert prioriterte. Ta gjerne kontakt med senteret for vaksenopplæring om du har spørsmål!

Du søkjar her!