Første skuleår skal alle ha faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, geografi, samfunnsfag, kroppsøving og framandspråk (tysk II, fransk II, spansk II eller italiensk I+II).
- Framandspråk: Det er vanleg å fortsette med det framandspråket ein hadde på ungdomsskulen. Italiensk I er i utgangspunktet eit tilbod til elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen. Du skal då ha italiensk i tre år. Men du kan også velje italiensk sjølv om du hadde eit anna framandspråk på ungdomsskulen. Du skal då ha italiensk i to år. Dei som fortset med språket dei hadde på ungdomsskulen skal ha dette over to år.
- Matematikk: Du må velje anten 1P (praktisk) eller 1T (teoretisk). Valet skjer i samråd med faglærar etter ein kartleggingstest. 1P er minimumskravet. Du vil då fortsette med 2P på Vg2. 1T er eit naturleg val for deg som ønskjer å velje matematikk programfag på Vg2.