På første året i toppidrett vil du ha 12 timar trening i veka. Timeplanen vil elles vere identisk med den som ein har i studiespesialisering som inkluderer faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, geografi, samfunnsfag, kroppsøving og framandspråk (tysk I, tysk II, tysk I+II fransk II, spansk II, italiensk I eller italiensk I+II).
- Framandspråk: Det er vanleg å halde fram med det framandspråket ein hadde på ungdomsskulen. Italiensk er i utgangspunktet eit tilbod til elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen. Du skal då ha italiensk i tre år. Men du kan òg velje italiensk sjølv om du hadde eit anna framandspråk på ungdomsskulen. Du skal då ha italiensk i to år. Alternativt du kan velje tysk I eller tysk I + II. Dei som held fram med språket dei hadde på ungdomsskulen, skal ha dette over to år.
- Matematikk: Du må velje enten 1P (praktisk) eller 1T (teoretisk). Valet skjer i samråd med faglærar etter ei kartleggingsprøve. 1P er minimumskravet. Då må du halde fram med 2P på Vg2. 1T er eit naturleg val for deg som ønskjer å velje matematikk som programfag på Vg2.
Læreplanar for faga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider.