Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan service og samferdsel vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor Service og samferdsel?

Dersom du vil arbeide som servicemedarbeidar innan sal og marknadsføring, reiseliv, kontor- og administrasjon, logistikk (lagerstyring), IKT-servicefag, yrkessjåførfaget eller vektarfaget, bør du velje utdanningsprogrammet service og samferdsel.
Meir om service og samferdsel og lærefaga

Kva kan vi tilby?

Hjå oss kan du ta både Vg1 og Vg2 Service og samferdsel.

På Vg2 tilbyr vi programområdet Sal, service og tryggleik.

Søk skuleplass

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Matematikk praktisk 3 0
Naturfag 2 0
Norsk 2 2
Administrasjon og økonomi 6 0
Markedsføring og salg 6 0
Sikkerhet og transport 5 0
Yrkesfaglig fordypning 6 9
Økonomi og administrasjon 0 6
Markedsføring 0 6
Sikkerhet 0 5
Samfunnsfag 0 3
Sum timetal per uke 35 35

Første året

Service og samferdsel.jpg

Service og samferdsel gir deg ein smakebit på heile åtte yrke. Dette er yrke der kommunikasjon og tillit står i høgsetet, enten du er vektar, kontormedarbeidar eller seljar, jobbar med IKT eller med logistikk.

Evne til å kommunisere med andre menneske, òg frå andre kulturar, er viktig å tileigne seg. Du vil òg lære å tilpasse deg krav som blir stilte i dei ulike yrka.

Med service og samferdsel får du kunnskap og ferdigheiter som opnar opp ein stor arbeidsmarknad for deg, ikkje berre i Noreg, men òg i fleire andre land.

Andre året

Salg_Service.jpg

Sal, service og tryggleik

I dette faget lærer du om kundebehandling, planlegging av tryggleik og økonomistyring i varehandel og tenesteleveransar.

Felles programfag dette året er:

  • Tryggleik
  • Økonomi og administrasjon
  • Marknadsføring og sal

Dette er faget for deg som ønskjer å gå vidare som lærling eller praksiskandidat for å ta fagbrev som kontor- og administrasjonsmedarbeidar, som salsmedarbeidar (butikkmedarbeidar) eller som tryggleiksmedarbeidar (vektar).

Vegen vidare

Du kan anten velje å gå ut i lære etter 2. året eller du kan velje å ta Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse slik at du kan studere vidare på høgskule/universitet.

Bli lærling Søk læreplass