Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenesta

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod du kan oppsøke ved behov. Den driv ikkje behandling, men gjev råd og rettleiing i helsefaglege spørsmål. Skulehelsetenesta har teieplikt. Skulen har òg fleire rådgjevarar som kan hjelpe deg med spørsmål og problem.

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar Linda er til stades kvar dag på kontoret til skulehelsetenesta som ligg i 2. etasje i nybygget.

Helsesjukepleiar kan du òg nå på mobiltelefonen. Du kan òg kontakte ho via It’s Learning.

Mobil: 94 50 19 12

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med?

Hjå helsesjukepleiaren kan du mellom anna snakke om tema du er oppteken av, for eksempel kropp, psykisk helse, kosthald, seksualitet, prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar, rus, hjelp til å takle ein vanskeleg situasjon, samliv, vaksinar, fysiske plager, syn/hørsel. Du kan òg få gratis kondom hjå helsesøster.

Dersom du ønskjer anna helsefagleg hjelp eller behandling, kan helsesjukepleiaren og skulelegen tilvise deg til rette vedkommande.

Lærarane kan òg kontakte helsesjukepleiaren dersom ein elev ønskjer ein avtale.

Treng du meir hjelp?

Det finst mange nettsider som kan vere nyttige for deg som er ung og undrande. Helsesøster anbefaler:

Informasjon fra unge: Ung.no Rådet for psykisk helse Nullmobbing

 

Hordaland kommune har fått mobbeombod

Mobbeombodet skal sikre at elevar og lærlingar får ivareteke sine rettar og skal vere eit tilbod når skulen sine tiltak mot mobbing ikkje er tilstrekkelege.
Du finn meir informasjon om mobbeombodet på Hordaland fylkeskommune sine nettsider eller på Facebook:

Mobbeombodet Mobbeombudet Facebook

 

Elev- og lærlingombodet i Hordaland

 

Treng du meir hjelp?

Ved behov for oppfølging, samtalar og rettleiing i samband med reaksjonar som kjem i etterkant av ulykker er føresette og ungdom oppmoda til å ta kontakt med hjelpeapparatet i kommunen:

  • Skulehelsetenesta på Tertnes vidaregåande skule og Åstveit skule:

Tertnes vidaregåande skule ved Linda Lund tlf.: 94501912

Åstveit skule ved Irene Igesund tlf.: 40904130

  • Ulset Helsestasjon/Helsestasjonen for Ungdom 55567080/94501944
  • Fastlegen
  • Ved behov for samtalar og hjelp på kveldstid og i helger: Livskrisehjelpen på Bergen legevakt: 55568754