Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Samleside om korona

Her finn du informasjon frå skulen om korona

Oppdatert informasjon om smittestatus ved Tertnes vgs

 Råd om når ein må vere heime når ein er sjuk

Elevar og tilsette som har milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle skal ikkje møte på skulen, men må halde seg heime til allmenntilstanden er god. Elevar og tilsette kan komme tilbake til skulen når dei føler seg friske og feberfri, sjølv om dei framleis måtte ha nokre symptom på luftvegsinfeksjonar.

Sjå oppdatert smittevernrettleiar.

Rettleiar om smittevern på skular

Sjå informasjon frå Folkehelseinstituttet om kva ein skal gjere dersom ein blir sjuk og kven som skal testast.

Ved mistanke om smitte

Eigenmelding ved fråvær

Dersom du blir sjuk, skal du ikkje komme på skulen. Skuleåret 2020-2021 kan du bruke eigenmelding for å dokumentere fråvær som skuldast sykdom. Er du under 18 år, må ein av foreldra dine attestere på meldinga. Elevar som er myndige, signerer sjølve på meldinga. Lever meldinga til kontaktlæraren din når du er tilbake på skulen. Fråvær vil då bli ført som dokumentert fråvær.

 

Treng du å snakke med nokon?

Vestland fylkeskommune har oppretta ein støttetelefon for elevar i coronatida. Der kan du ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Støttetelefonen har nummer 51 20 71 21, og er open 12.00 - 18.00 måndag - fredag. Les meir:

Støttetelefon i koronatid

 

Fråværsreglar for heimeskule

Vi gjer merksam på at elevar som får tekniske problem eller andre utfordringar slik at dei ikkje kan delta i undervisninga, ikkje skal ha fråvær. Det er viktig at dei tek kontakt med kontaktlæraren sin, slik at skulen kan hjelpe elevane med å få løyst problema.

Fjernundervisning

All informasjon som gjeld nettbasert undervisning blir fortløpande lagt ut til elevane på Itslearning på faget "TEV INFORMASJON TIL ELEVER 2020/21". Dersom du ikkje får tilgang til faget på mobil, må du prøve via PC. Ta kontakt med skulen om du har problem med å finne fram.