Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Stenger alle vidaregåande skular

Stenger skular.jpg

OPPDATERT 25.  MARS: Alle vidaregåande skular i Vestland er stengde. Dette gjeld no fram til 13. april.  Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halde opp den faglege progresjonen til elevane.

Også fagskulane, Manger folkehøgskule og Hyssingen produksjonsskule vert stengde.

- Vi stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusere vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

- Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier han.

Elevane vil framleis få undervisning, slik at den faglege progresjonen i størst mogleg grad vert halden oppe. Elevane vil få nærare informasjon via læringsplattformen It’s learning.

Elevar med behov for særleg tilrettelegging, kan møte på skulen, dersom dei ikkje har symptom på smitte eller sjukdom.