Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Senter for voksenopplæring

Vi tilbyr gratis vidaregåande utdanning, studierettleiing og realkompetansevurdering for vaksne.

Har du planar om å ta utdanning?

Vaksenopplæring er eit tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne frå det året dei fyller 25 år. Tilbodet gjeld først og fremst for vaksne som ikkje tidlegare har fullført vidaregåande skule (vaksenrett). Den som er under 25 år og den som allereie har fullført vidaregåande skule kan og få tilbod dersom det er plass.

Ferie

Kontoret er stengt i veke 28, 29 og 30.

Du søkjer kursplass på Vigo, eller  ved å søkja direkte til skulen.

Søknadsfrist til alle kurs er 1. juni 2017. Søknadar som kjem inn til oss etter 1. juni blir behandla som søknadar til kurs som startar i 2018.

For å handsama søknaden din treng me CV og dokumentasjon. For minoritetsspråklege treng me dessutan gyldig opphaldsløyve. CV og dokumentasjon kan du senda via epost eller vanleg post.

Vaksenopplæringa held til i 2.etasje i  Stord Vidaregåande Skule avd. Saghaugen, me nyttar inngangen frå Bjellandsveien. Sjå bilete under.

Realkompetanse Søk skuleplass

kontakt oss

E-post: vo.stv@hfk.no 

Ring vaksenopplæringa på 57 30 79 00

KONTAKTPERSONAR

Avdelingsleiar Senter for voksenopplæring Profilbilde av Neeta P Sankholkar

Neeta P Sankholkar

Send e-post 57307958
Rådgjevar Profilbilde av Agnete Naustdal Aase

Agnete Naustdal Aase

Send e-post 57307959