Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Tilrettelagte grupper på Stord vgs er knytt opp til alle skulen sine utdanningsprogram i form av kvardagslivstrening, arbeidstrening og yrkesfagleg grunnutdanning.
Stord vgs er knutepunktskule for elevar som treng tilrettelegging i form av kvardagslivstrening.
Lurer du på om Stord vgs har eit tilbod til deg, eller til ungdommen din, kontakt oss gjerne.
Søknadsfristen er 1. februar.
Søk utdanningsprogram her Les meir om tilrettelagt opplæring