Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Me tilbyr

Stord vidaregåande skule har lang tradisjon med opplæring innanfor industrifag. Mange som arbeider innan industrien i vår region har starta karrieren si hos oss.

Hos oss kan du søkja:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon
  • Vg2 Industriteknologi
  • Vg2 Kjøretøy
Søk opptak

Kvifor velja TIP?

Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr? Då kan programområdet TIP vera noko for deg. TIP er utdanningsprogrammet som gjev deg flest ulike moglegheiter vidare.

Eit fagbrev innan eit av TIP-faga  gjev deg normalt gode moglegheiter for jobb i vår region og elles i landet. Det gjev deg og høve til å utdanna deg vidare til dømes med Teknisk fagskule eller Ingeniørskule.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 TIP Timetal Vg2 Industriteknologi Timetal Vg2 Kjøretøy
Sum timetall per uke 35 35 35
Kroppsøving 2 2 2
Prosjekt til fordjuping 6 9 9
Norsk 2 2 2
Engelsk 3 2 2
Matematikk 3 0 0
Samfunnsfag 0 3 3
Naturfag 2 0 0
Dokumentasjon og kvalitet 5 5 5
Produksjon 7 7 0
Tekniske tenester 5 0 0
Rep. og vedlikehald 0 5 0
Verkstadarbeid 0 0 12

Første året

TIP kulelager.jpg

 

Første året får du læra dei grunnleggjande kunnskapane du treng for å arbeida innan teknikk og industriell produksjon, slik som sveising, dreiing, fresing, måling,  teknisk teikning og dokumentasjon.

Du vil og få opplæring i produksjon og reparasjon.  Etter fullført og bestått Vg1 er du kvalifisert til å søkja på 22 ulike fag på Vg2 nivå! I tillegg til dette kan du og søkja 6 ulike lærefag direkte frå Vg1.

Læreplan for Vg1 TIP.

Andre året

TIP verkst 1 CNC.jpg

Vg2 Industriteknologi

På Vg2 er elevane i praksis i bedrift to periodar på to veker. I desse periodane er det mange som ordnar seg læreplass. Nokre av lærefaga er:

  • CNC Operatør
  • Sveisar
  • Platearbeidar
  • Industrimekaniker
  • Aluminiumskonstruksjon
  • Industrirøyrleggjar

Sjå vilbli.no for fullstendig liste. Læreplan for Vg2 Industriteknologi.

kjøretøy verkstad.jpg

Vg2 Kjøretøy

På kjøretøy tilbyr me opplæring i ein moderne og godt utrusta verkstad, der bruk av digitalt verktøy står sentralt i undervisninga. Du vil få opplæring i motor, motorstyring, bilelektro, drivverk, bremser, understell, hjulutrustning, karosseri, bransjelæra og kundebehandling.

Skulen vår har god kontakt med bedrifter i Sunnhordlands- og Haugesundsregionen. Me legg til rette for at du som elev er i praksis i bedrift i to 14-dagars periodar. Dette gir deg gode moglegheiter til å knytte kontaktar, som igjen kan vere avgjerande for kor du får læreplass.

Etter Vg2 kjøretøy kan du søkja læreplass innan lette kjøretøy, tunge kjøretøy, motormekanikerfaget, motorsykkelfaget, dekkutrusningsfaget og reservedelsfaget.

Læreplan for Vg2 Kjøretøy.

ut i lære

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24.