Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr

Tilbodet er eit av dei nye utdanningsprogramma i fagfornyinga hausten 2020 og difor nytt både i Noreg og ved Stord vidaregåande skule. Men sjølv om utdanningsprogrammet er nytt har me lang tradisjon på skulen for utdanningar både innan IKT og ulike mediefag. Hos oss kan du søkja:

  • Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Det vil bli oppretta Vg2 for skuleåret 2021/2022, men kva skular som vil tilby dei ulike tilboda veit me ikkje i dag. Aktuelle Vg2 er: 

  • Vg2 Informasjonsteknologi
  • Vg2 Medieproduksjon
Søk opptak

Kvifor informasjonsteknologi og medieproduksjon?

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er eit framtidsretta utdanningsval som gjev deg mange moglegheiter. 

Aktuelle fagbrev ser ut til å bli:

  • IT-utviklar
  • IT-driftsteknikar
  • Mediedesignar
  • Medieteknikar
  • Medieprodusent
Vilbli.no

Første året

py.JPG

Fag på Vg1:

  • Konseptutvikling og programmering (159 årstimar)
  • Produksjon og historiefortelling (159 årstimar)
  • Teknologiforståelse (159 årstimar)
  • Yrkesfagleg fordjuping (168 t)
  • Engelsk (140 t)
  • Kroppsøving (56 t)
  • Matematikk 
  • Naturfag (56 t)

Pc for elevar

Alle elevar må ha bærbar pc til skulestart. Du har bruk for pc i fleire skulafag. Dersom du har ein bærbar pc kan du nytte den, eller du kan kjøpe gjennom innkjøpsordninga i fylket

For elevar på informasjonsteknologi og medieproduksjon anbefaler me å kjøpe ein kraftigare modell enn grunnmodellen.

Ta gjerne kontakt med

Avdelingsleiar Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Profilbilde av Lise-Merete Lien

Lise-Merete Lien

Send e-post 48025109
Rådgjevar Yrkesfag
Profilbilde av Frode Fjellanger

Frode Fjellanger

Send e-post 53452056