Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sal, service og reiseliv

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr

Skuleåret 2020-2021 tilbyr Vg2 me IKT-servicefag. Me tek inn 15 elevar, og alle som har fullført eit vg1-løp kan søkja på Vg2 IKT-servicefag.

I fagfornyinga vert IKT-servicefag erstatta med Vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Sidan dette er eit Vg1 tilbod kan ein og søkja dette for skuleåret 2020 - 2021. Les meir om dette tilbodet her.

 

Søk opptak

Kvifor velje IKT-servicefag?

Likar du teknologi? Likar du å yta service? Ser du problem som spanande utfordringar? Kan du tenkja deg å arbeida med brukarstøtte, drift og vedlikehald av IKT-system? Då skal du vurdera å søkja IKT-servicefag. 

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg2 IKT-servicefag
Brukar- og driftsstøtte 6
Drift og vedlikehald 6
Verksemdstøtte 5
Prosjekt til fordjupning 9
Engelsk 2
Kroppsøving 2
Norsk 2
Samfunnsfag 3
Sum timetall per uke 35

Andre året

IKT klassen4.jpg

Vg2 IKT-servicefag er eit tilbod frå utdanningsprogrammet Service og samferdsel som me har på Stord vidaregåande skule. Det spesielle med dette tilbodet er:

  • Du kan søkje uansett kva Vg1 du har gått.
  • Det er den einaste IT-utdanninga i vidaregåande skule på Stord.

Ut i LÆRE

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24. 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med

Avdelingsleiar Yrkesfag
Profilbilde av Per Inge Stensletten

Per Inge Stensletten

Send e-post 53452055