Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søker læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr

Stord vidaregåande skule har lang tradisjon for utdanning innan elektrofag. Me har gode og store lokale og faglærar med lang erfaring frå elektrobransjen. Hos oss kan du søkja: 

  • Vg1 Elektrofag
  • Vg2 Elenergi
  • Vg2 Automatisering
  • Vg3 Automatisering
Søk opptak

Kvifor Elektrofag?

Elektrofag er eit framtidsretta utdanningsval som gjev deg mange moglegheiter. Med fagbrev innan elektro eller automasjon stiller du sterkt både med tanke på moglegheiter for arbeid og vidare utdanning.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Elektrofag Timetal Vg2 Elenergi Timetal Vg2 Automasjon Timetal Vg3 Automasjon
Sum timetall per uke 35 35 35 28
Automatiseringssystem 5 5 12 23
Data- og elektronikksystem 7 5 0 0
Elenergisystem 5 7 5 5
Prosjekt til fordjupning 6 9 9 0
Engelsk 3 2 2 0
Kroppsøving 2 2 2 0
Matematikk 3 0 0 0
Naturfag 2 0 0 0
Norsk 2 2 2 0
Samfunnsfag 0 3 3 0

Første året

Elektro kobler 2.jpg

Vg1 Elektrofag finn du på vår avdeling for yrkesfag på Vabakkjen. Her lærer du dei grunnleggjande tinga du må kunna innan elenergisystem, data- og elektronikksystem og automatiseringssystem. 

Skuleåret gjev deg eit godt grunnlag for å ta ei avgjerd om kva du vil gå vidare på.

Læreplan Vg1 Elektrofag

Andre året

Elektro skap 3.jpg

Vg2 Elenergi

Denne klassen går på Vabakkjen i godt utstyrte lokaler og verkstader. I faget Prosjekt til fordjuping er ein utplassert i verksemder og mange sikrar seg då lærekontrakt.

Automasjon brett 2.jpg

Vg2 Automatisering.

Alle klassane våre innan automatisering held til på Stord opplæringssenter på Heiane dei fleste skuledagane. Enkelte dagar med allmennfag foregår på Vabakkjen. Du kan søkja lære rett etter Vg2, men mange vel heller å søkja Vg3 i skule.  

Tredje året

Automasjon Sku.jpg

Vg3 Automatisering

Dei som vel å gå dette året får korta ned læretida med tilsvarande tid som varigheta av skuleåret. Dette året er veldig praktisk lagt opp og klassen har veldig bra tilgang på utstyr. 

VEGEN VIDARE

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24.