Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag med spesiell studiekompetanse

Elektrofag med spesiell studiekompetanse passar for deg som har ein draum om å bli ingeniør. Ved å kombinere elektrofag og studiespesialisering tilbyr vi eit opplæringsløp som er spesialtilpassa for ungdom som vil bli ingeniør eller sivilingeniør.

Me tilbyr

Stord vidaregåande skule vil frå skuleåret 2019/2020 tilby elektrofag med spesiell studiekompetanse. Dette er eit veldig eksklusivt tilbod, det er berre tre skular i heile landet som tilbyr dette.

Opplæringsløpet er 3-årig og består av programfag elektrofag, realfag og fellesfag.

Meir info

Kvifor elektrofag og spesiell studiekompetanse

Denne utdanninga gjev deg breie valmoglegheiter når du har fullført den. Utdanninga er krevjande og det er ein føresetnad at du legg inn ein stor eigeninnsats. 

Målet er at når du søkjer jobb som nyutdanna ingeniør så skal du kunna visa til solid yrkeskompetanse i elektrofaget.

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Norsk 2 2 10
Matematikk 5 0 0
Matematikk R1 0 5 0
Matematikk R2 0 0 5
Engelsk 3 2 0
Naturfag 2 0 3
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 0 5
Fysikk FY 1 0 0 5
Kroppsøving 2 2 2
Automatiseringssystem 5 5 0
Data- og elektronikksystem 7 5 0
Elenergisystem 5 7 0
Yrkesfagleg fordjuping 4 4 0
Sum timetal per uke 35 35 30

Vegen vidare

Med spesiell studiekompetanse kan du søkja om opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du og informasjon om kva opptakskrav som gjeld for ulike studier.

Samordna opptak

Ta kontakt