Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vaksenrett

Vaksne har lovfesta rett til gratis vidaregåande opplæring, studierettleiing og realkompetansevurdering (vaksenrett).

 

Du har vaksenrett dersom du:

  • fyller 25 år eller meir det året du søker
  • ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare eller har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg
  • har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • søker i heimfylket ditt (Hordaland)
  • har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)

Vi vurderer om du har vaksenrett når du søker.

Vaksne under 25 år

Alle har rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Er du under 25 kan du søke vanleg vidaregåande skule. Dette gjeld og dersom du har tatt utdanning i eit anna land og ikkje får ho godkjent i Noreg. Det er også mogeleg å søke om å endre ungdomsretten til vaksenrett etter § 4A-3.

Fullføringsrett

Vaksne som har fått plass på vidaregåande opplæring har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vaksenrett. 

Grunnskule og grunnleggjande norsk

Dersom du har behov for grunnskuleutdanning eller opplæring i grunnleggjande norsk kan du kontakte heimkommunen din.

Heimla i opplæringslova

Vaksne sin rett til gratis opplæring, realkompetansevurdering og studierettleiing er heimla i opplæringslova.

Opplæringsloven § 4A–3, Lovdata

Kontakt rettleiingstenesta dersom du har spørsmål om vaksenrett.

Rettleiingstenesta Vestland sør


Rettleiingstenesta kan gi studierettleiing og svare på spørsmål om vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering for vaksne.

Rådgjevar
Profilbilde av Torill Berge Nøstvåg

Torill Berge Nøstvåg

Send e-post 48891137
Rådgjevar
Profilbilde av Agnete Naustdal Aase

Agnete Naustdal Aase

Send e-post 48996358

 

Sentralbord: 53 40 20 40
E-post: rettleiingstenesta.vestland.sor@vlfk.no
Besøksadresse: Sæ 21, 54 17 Stord og
Odda vgs., Eidesbrotet 5, 5750 Odda
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen

Kontakt rådgjevar for rettleiing

Du kan finne rettleiingstenesta i fleire regionsenter i Vestland.

Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune