Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ein yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev. Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning.

Fagtilbod

Me tilbyr gratis opplæring for vaksne i desse faga.

Fagtilbod august 2019

Undervisninga er på deltid og retta mot deg som har erfaring frå yrket og ønsker å ta fagbrev som praksiskandidat.

Søk innan 1.april.

Me prioriterer vaksne med vaksenrett, men alle kan søke. Me tek atterhald om nok søkjarar med vaksenrett.

Foto av sveising. Fotograf: Erlend Angelo / LO Media

Sveisefag

Me tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev som sveisar. Undervisninga er på deltid ein ettermiddag i veka i eitt år og vert avslutta med ein 5-timars skriftleg eksamen hausten 2019. Oppstart av undervisninga er i januar 2019. 

Kurset passer for deg som har erfaring frå yrket og skal ta fagbrev som praksiskandidat. Undervisning, læremiddel og privatisteksamen er gratis.

Kurset følgjer læreplanen i Kunnskapsløftet, og gir deg den fagteorien du treng for å ta skriftleg eksamen på Vg3-nivå.

Me tek atterhald om nok søkjarar for å starta kurset.

Alle fagtilbod i Hordaland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for voksenopplæring i Hordaland, lokalisert i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Hordaland kan du finne via lenka nedanfor.