Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiekompetansefag

Ønsker du å studere ved universitet eller høgskule? Då må du ha generell studiekompetanse.  Vi tilbyr dei seks faga du treng over to år.  Vi kan og hjelpe med studierettleiing om du treng det.

Generell studiekompetanse

Vi tilbyr generell studiekompetanse over ett år.

Det er fagene norsk, matematikk1py/2py, historie, samfunnsfag, engelsk og naturfag.

Undervisninga er på dagtid tre dagar i veka på Stord vgs, avdeling Saghaugen. Undervisninga og læremateriell er gratis for deltakarane.

Søknadsfrist: 1. april

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Vi tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett.

Du kan søke opptak i eitt eller fleire fag.

Bilde av kvinne i undervisning

Generell studiekompetanse

Me tilbyr undervisning i dei faga du treng for å oppnå generell studiekompetanse.

Undervisninga blir gitt som eit deltids-studium på dagtid, og går over to skuleår. Det er undervisning tre dagar i veka med denne fordelinga:

August 2019- juni 2020

  • Norsk 
  • Matematikk 1PY/2PY
  • Historie
  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Naturfag

Med desse faga kan du ta studiekompetanse etter 23/5-regelen frå det året du fyller 23.

Undervisning og læremiddel er gratis. Dei som har ståkarakter i faga frå før får ikkje plass som elever i dei faga.

Me har 1. april som søknadsfrist. Dei som søkjer først, får først plass. Vaksne med vaksenrett blir prioriterte, andre vaksne kan delta dersom det er ledig plass. Første inntak blir i juni 2019.

Du søkjer via VIGO.

 

Alle fagtilbod i Hordaland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for voksenopplæring i Hordaland, lokalisert i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Hordaland kan du finne via lenka nedanfor.