Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Service og samferdsel er ein yrkesfagleg utdanning som kan føre fram til fagbrev. Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning.

FaGTILBOD

Me tilbyr gratis opplæring for vaksne i desse faga.

Fagtilbod januar 2019

Undervisninga er på deltid og retta mot deg som har erfaring frå yrket og ønsker å ta fagbrev som praksiskandidat.

Me prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Me tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett. Søknadsfrist 1. april og 15. november.

Les meir om korleis du søker. 

Inntak for 2019 er avslutta. Søkarar blir overført til neste kurs.

Deltakarar ved kontor- og administrasjonsfaget. Foto

Salsfaget / kontor og administrasjonsfaget 2019

Me tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev som salsmedarbeidar eller kontor- og administrasjonsmedarbeidar. Undervisninga er på deltid ein ettermiddag i veka.

Ein del av kurset vert det felles undervisning for begge faga. Den andre delen vert klassa delt i to, men undervisning i salsfaget for seg og i kontor- og administrasjonsfaget for seg. Kurset vert avslutta med ein 5-timars skriftleg eksamen i hausten 2019. 

Kurset passer for deg som har erfaring frå yrket og skal ta fagbrev som praksiskandidat. Undervisning, læremiddel og privatisteksamen er gratis.

Kurset følgjer læreplanen i Kunnskapsløftet, og gir deg den fagteorien du treng for å ta skriftleg eksamen på Vg3-nivå.

Me tek atterhald om nok søkjarar for å starta kurset.

Alle fagtilbod i Hordaland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for voksenopplæring i Hordaland, lokalisert i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Hordaland kan du finne via lenka nedanfor.