Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse - og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ein yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning.

FAGTilbod

Kurs fra i august 2020 :

Vi tilbyr utdanning på deltid 1 - 2 dagar i veka. Helsearbeidarfaga er på dagtid.

Me prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Me tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett. Søknadsfrist 1. april .

Les meir om korleis du søker.

helsefag 1.jpg
Undervisning i helsefag, Fitjar vgs. Foto

Helsearbeidarfag

Helsearbeidarfag 2020-21

Dette kurset er eit praksiskandidatkurs  for deg som har fleire års erfaring.

Opplæringa til helsefag går på dagtid, ein dag i veka, og varer i ett år. Undervisninga går hovudsakleg føre seg på Stord vgs. Nokre veker blir det praktisk undervisning på Fitjar vgs eller på høgskulen på Rommetveit, Stord.

Undervisning, læremateriell og eksamen er gratis.

Foto, barne- og ungdomsarbeider


Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Me tilbyr barne-og ungdomsarbeidarfaget for vaksne. Undervisninga er på deltid og retta mot vaksne som vil ta full utdanning og som skal ta fagbrev som praksiskandidat. Undervisninga startar hausten 2020 og går over 1 år fram til juni 2021.

Undervisning

Programfag 1 kveld per uke. 

Alle fagtilbod i Hordaland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for voksenopplæring i Hordaland, lokalisert i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Hordaland kan du finne via lenka nedanfor.