Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg og anleggsfag

Bygg og anleggsfag er ei yrkesfagleg utdanning som kan føre fram til fagbrev. Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning.

Fagtilbod 2019

Me tilbyr desse faga

Me tilbyr utdanning på deltid 1 dag i veka på kveldstid.

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Vi tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett.

Bilde av kvinne, undervisning for vaksne


Reinhaldsoperatør

Me tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev som reinhaldsoperatør. Undervisninga er på deltid ein ettermiddag i veka i eitt år og vert avslutta med ein 5-timars skriftleg eksamen. Oppstart av undervisninga er i august 2019.

Kurset passer for deg som har erfaring frå yrket og skal ta fagbrev som praksiskandidat. Undervisning, læremiddel og privatisteksamen er gratis

Kurset følgjer læreplanen i Kunnskapsløftet, og gir deg den fagteorien du treng for å ta skriftleg eksamen på Vg3-nivå.

Foto. Ta fagbrev som tømrar.

Tømrarfaget, Vg3

Undervisninga gir teorien du treng for å  ta fagbrev som praksiskandidat i tømrarfaget. Det er retta mot kandidatar som har relevant erfaring i yrket. Opplæringa startar hausten 2019. Avsluttande tverrfagleg eksamen blir i juni 2020.

Alle fagtilbod i Hordaland

Dersom du ikkje kan finne faget du ønsker på sidene våre kan du undersøke om det finst ved eitt anna senter. Vi har fem Senter for voksenopplæring i Hordaland, lokalisert i Bergen, Sotra, Stord og Voss. Liste over alle fag i Hordaland kan du finne via lenka nedanfor.