Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Alle fagtilbod i Hordaland

Vidaregåande utdanning for vaksne

Fagtilbod på Stord 2019

Me startar undervisning i august i desse faga:

Studiekompetansefag

Akvakultur

Helsearbeidarfag

Kokk- og institusjonskokk

Reinhaldsoperatør

Sveisefaget

Tømrar

Nedanfor kan du sjå fagtilbod på andre senter i Hordaland.

Vidaregåande utdanning for vaksne

Kurs som startar i januar og august 2020. blir lagt ut så snart mogeleg. Følg med på denne sida.

Ledige plassar haust 2019

Kokk/institusjonskokkfaget Vg3, Stord vgs (ledige plassar) Voss gymnas (ledige plassar)
Søk via vigo.no og kontakt skulen direkte med spørsmål.
 

Vidaregåande utdanning for voksne 2019

Me tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev eller generell studiekompetanse. Undersøk med det einskilde Senter for voksenopplæring kva sluttkompetanse dei tilbyr dersom du søker yrkesfag. Les meir om korleis du søker og kva dokumentasjon du må sendeSøkarar med voksenrett blir prioriterte. Bergen Katedralskole bruker eige søknadsskjema. (inntaket er avslutta).

 

Bygg- og anleggsteknikk

Helse- og oppvekstfag

Naturbruk

Restaurant- og matfag

Service og samferdsel

Teknikk og industriell produksjon

Studiekompetansefag

Bygg- og anleggsteknikk

Elektrofag

  • Vi har ikkje tilbod retta mot voksne i elektrofag i 2019. Dersom du har erfaring frå yrket kan du søke opplæring saman med lærlingar.

Helse- og oppvekstfag

Naturbruk

Restaurant- og matfag

Service og samferdsel

Teknikk og industriell produksjon

Studiekompetansefag

  • Engelsk
  • Historie
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Norsk
  • Samfunnsfag

Bergen Katedralskole og Stord vgs tilbyr alle seks studiekompetansefaga. Sotra vgs og Voss gymnas tilbyr studiekompetanse over to år. Les meir på nettsida til sentera.

Yrkesfaga er på deltid og gir deg teorien du treng for å ta fagbrev som praksiskandidat. Studiekompetansefaga (norsk, historie, samfunnsfag, matematikk) er fag du treng for å få generell studiekompetanse som vaksen. Vi tilbyr dessutan intensivkurs i engelsk for minoritetsspråklege.

Søk innan 1.april.

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Du kan søke via nettsida til senteret som tilbyr faga eller via lenka på denne sida. Det er senteret som handsamer søknaden. Utdanninga er gratis for alle som får plass.

Kven kan søke?

Utdanninga rettar seg mot vaksne som ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare, og har  lovfesta rett til gratis vidaregåande opplæring, såkalla voksenrett. Alle kan søke, og undervisninga er gratis for alle som får plass. Søk via nettsida til senteret som tilbyr utdanninga (nedanfor).

Senter for voksenopplæring i Hordaland

Bergen katedralskole, Senter for voksenopplæring

Sotra vidaregåande skule, Senter for voksenopplæring

Stord vidaregåande skule, Senter for voksenopplæring

Voss gymnas, Senter for voksenopplæring

Åsane videregående skole, Senter for voksenopplæring

Bruk retten din til å fullføre vidaregåande opplæring gratis. Vi tilbyr yrkesfag og studiekompetansefag.

Opplæring på deltid

Erfaren, men ufaglært? Vi tilbyr teorien til fagbrevet på deltid over eitt år, 1-2 dagar / kveldar i veka. Utdanninga passer for deg som vil ta fagbrev som praksiskandidat. Du kan òg ta studiekompetansefag på deltid.

Full opplæring - for deg utan arbeidserfaring

Vi tilbyr full opplæring over fleire år i utvalde fag. Informasjon om opplæringa kan du finne på nettsidene til senteret som tilbyr faget.

Opplæring saman med lærlingar

Vi tilbyr gratis opplæring for vaksne saman med lærlingar i yrkesfag der det er mogleg. Meir informasjon kan du finne på nettsida til sentra som tilbyr utdanninga. Dette gjeld for deg som har lang erfaring frå yrket og skal ta fagbrev som praksiskandidat. Det er eit krav at du har nok relevant yrkespraksis

Fag som starta i januar 2019

  • Reinhaldsoperatørfaget, Sotra vgs
  • Salsfaget / kontor og administrasjonsfaget, Stord vgs
  • Studiekompetansefag, Bergen Katedralskole
  • Sveisefaget, Stord vgs (utsett til august)
  • Tømrarfaget, Åsane vgs

 

Om fagtilboda

Søk utdanning

  • Du kan søke gjennom søkebasen vigo.no til Åsane vgs, Stord vgs, Sotra vgs og Voss gymnas. Hugs å velje riktig fylke, skule og fag.
  • Skal du søke til Bergen Katedralskole bruker du eige søknadsskjema som du kan finne på nettsida deira.

Pris: Undervisning og læremiddel er gratis for alle som får plass.