Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiekompetanse

Dersom du ønskjer å studere ved universitet eller høgskule har du bruk for studiekompetanse.

Mange vaksne tar generell studiekompetanse etter 23/5-regelen. Du kan og ta påbygg til fagbrev eller søke høgare utdanning på bakgrunn av realkompetanse. Ver merksam på at nokre utdanningar krev spesiell studiekompetanse.

Studiekompetansefaga

Vi tilbyr faga du treng for å ta generell studiekompetanse som vaksen.

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Historie
  • Samfunnsfag

Studiekompetanse for vaksne (23/5-regelen)

Du kan ta generell studiekompetanse etter 23/5-regelen dersom du oppfyller desse krava:

  • 23 år eller eldre det året du søker
  • Kan dokumentere fem år med utdanning / praksis
  • Har bestått dei seks studiekompetansefaga (nedanfor)

Studiekompetanse med yrkesfag

Har du fullført og bestått ei yrkesfagleg utdanning oppfyller du krava i engelsk og samfunnsfag, men manglar dei fire siste studiekompetansefaga:  Norsk, matematikk, naturfag og historie. Har du fullført og bestått påbygg til generell studiekompetanse eller yrkesfag med påbygging oppfyller du krava til generell studiekompetanse.

Søke på grunnlag av realkompetanse

Vaksne som ikkje har studiekompetanse kan søke opptak til høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse. Det kan til dømes vere arbeid, organisasjonserfaring eller anna utdanning som er relevant for utdanninga du søker.  Ordninga gjeld frå det året du fyller 25. Ei realkompetansevurdering kan òg gi grunnlag for å godkjenne fag som gir studiekompetanse.

Vi kan svare på spørsmål og gjennomføre realkompetansevurdering.

Søk høgare utdanning

Du kan søke høgare utdanning gjennom Samordna opptak. På nettsida deira vil du finne meir informasjon om studiekompetanse og opptak til høgare utdanning. Ver merksam på at nokre høgare utdanningar har spesielle opptakskrav. Vi tilbyr ikkje fordjuping i realfag, men du kan undersøke med Høgskulen på Vestlandet

Ta kontakt med rettleiingstenesta Vestland sør dersom du har spørsmål om studiekompetanse eller yrkesopplæring for vaksne.

Rettleiingstenesta Vestland sør


Rettleiingstenesta kan gi studierettleiing og svare på spørsmål om vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering for vaksne.

Rådgjevar
Profilbilde av Torill Berge Nøstvåg

Torill Berge Nøstvåg

Send e-post 48891137
Rådgjevar
Profilbilde av Agnete Naustdal Aase

Agnete Naustdal Aase

Send e-post 48996358

 

Sentralbord: 53 40 20 40
E-post: rettleiingstenesta.vestland.sor@vlfk.no
Besøksadresse: Sæ 21, 54 17 Stord og
Odda vgs., Eidesbrotet 5, 5750 Odda
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen

Kontakt rådgjevar for rettleiing

Du kan finne rettleiingstenesta i fleire regionsenter i Vestland.

Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune