Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Søk utdanning

Vaksne kan søke om vidaregåande utdanning og realkompetansevurdering.

Kva fag kan eg søke?

Her finn du alle fagtilboda i Hordaland. Kontakt oss gjerne om du ikkje kan finne faget ditt på lista.

Kan eg søke?

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Me tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett.

Når kan eg søke?

Me tek imot søknader fram til 1. mai 2020 på fagtilbod som ikkje er fullteikna.

Når får eg svar?

Søkarar som har fått plass hausten 2020 har fått brev om det. Andre søkarar står på venteliste og får plass dersom noko blir ledig. Ein del fag er utsett grunna få søkarar med vaksenrett.

Korleis søker eg?

  • Bruk MinID eller annan identifikasjon
  • Hugs å velje riktig fylke, fag og skule
  • Skriv kva utdanning og arbeidserfaring du har (CV)

Søknaden din blir handsama når vi får:

  • CV
  • Attestar frå arbeidserfaring
  • Vitnemål og karakterutskrifter
  • For minoritetsspråklege: Gyldig opphaldsløyve


Ny organisering av vaksenopplæring frå 1. august

Stord vgs og andre skular vil tilby opplæring for vaksne i utvalde fag, men det blir felles inntak for heile fylket. Følg med på nettsida til Vestland fylkeskommune for meir informasjon.

Studierettleiing og realkompetanse

Rettleiingstenesta Vestland sør kan gi studierettleiing og svare på spørsmål om  korleis du kan fullføre vidaregåande utdanning og få realkompetansevurdering. Kontakt rettleiinga for å fullføre vidaregåande opplæring fram mot fagbrev, yrkeskompetanse og studiekompetanse.

Rettleiingstenesta Vestland sør

Rådgjevar
Profilbilde av  Agnete Naustdal Aase
Agnete Naustdal Aase
48 99 63 58
Rådgjevar
Profilbilde av  Torill Berge Nøstvag
Torill Berge Nøstvag
48 89 11 37

 

Besøksadresse: Sæ 21, 54 17 Stord og
Odda vgs., Eidesbrotet 5, 5750 Odda
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Sentralbord: 53 40 20 40
E-post: rettleiingstenesta.vestland.sor@vlfk.no

Kontakt rådgjevar for rettleiing

Du kan finne rettleiingstenesta i fleire regionar i Vestland.

Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune