Realkompetanse
Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla deg gjennom arbeid, fritid og utdanning.
Vi kan gjennomføre ei realkompetansevurdering for deg. Har du vaksenrett er tenesta gratis.
Det er fleire grunner til å be om realkompetansevurdering:
- Du kan få tilpassa opplæring i undervisninga
- Du får dokumentasjon på den kompetansen du har i faget
- Du treng ikkje opplæring i eit fag du får godkjent
Vi kan kartleggje og vurdere din realkompetanse, og godkjenne einskildfag med bakgrunn i læreplanen. Godkjende fag tel som karakter "2".
Du kan søke om realkompetansevurdering gjennom vigo.no
Hugs å velje vaksenopplæring / realkompetansevurdering.
For å handsame søknaden treng vi:
- CV
- Attestar frå arbeidserfaring
- Vitnemål og karakterutskrifter
- Attestar frå relevant frivillig arbeid
Lovfesta rett
Eksterne lenkjer
- Realkompetanse, Regjerningen.no
- Realkompetanse, Kompetanse Norge, Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk
Kontakt oss
Kontakt oss dersom du har spørsmål om realkompetanse. Vi kan hjelpe deg med eit opplæringstilbod som bygger vidare på den kompetansen du allereie har.
Kontakt rettleiingstenesta dersom du har spørsmål om korleis du kan få realkompetansen din vurdert.