Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Yrkesfagleg grunnutdanning

Me tilbyr yrkesfagleg grunnkompetanse med undervisning i eiga gruppe. Gruppene er for elevar som i utgangpunktet har mål om å tidleg arbeidspraksis og lærekandidatordning.

Me tilbyr

Gruppene på yrkesfagleg grunnutdanning har færre elevar og du får tettare pedagogisk oppfølging enn i  ordinær klasse. Læring gjennom praksis er ein sentral metode, og det vert lagt stor vekt på sosial læring og trening for framtidig arbeid. Du vil og få praksis i arbeidslivet. For nokre kan det vera aktuelt å ha heile opplæringsløpet i gruppa, for andre kan det vera aktuelt å gå over til ordinær klasse på Vg1 eller Vg2.

Mu-Traktor-motorsag.JPG

 

Som elev hos oss får du

  • Ein praktisk og aktiv skulekvardag knytta til bygg- og anleggsteknikk/teknikk og industriell produksjon
  • Eit ope og utforskande læringsmiljø
  • Arbeidspraksis i bedrift
  • Deltaking i felles aktivitetar på skulen