Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vegen til læreplass

På Stord vidaregåande skule jobbar me målretta for at alle som ønskjer det skal få læreplass. Difor er dette i fokus frå første dagen på Vg1.

praksis i bedrift

Alle elevane skal bli kjend med reglane i arbeidslivet og bransjen dei ønskjer læreplass i. Dette kan dei få gjennom faga på skulen, og særleg gjennom arbeidspraksis i bedrift i faget yrkesfagleg fordjuping (YFF).

Me veit at 60-70 % av elevane får læreplass gjennom YFF.

Vg1

I utdanningsprogramma våre på yrkesfag er alle elevane i praksis i ei bedrift allereie på Vg1. 

Vg2

På Vg2 er alle elevane våre i arbeidspraksis i ei bedrift.

Kvifor er arbeidspraksisen viktig?

Føremålet med arbeidspraksisen er mellom anna å

  • bli kjend med arbeidsoppgåvene, innhaldet og metodane i yrket
  • oppnå kompetanse gjennom praktisk arbeid
  • gje elevane realistisk kjennskap til ulike moglegheiter og retningar innanfor programområdet, før dei vel utdanningsløpet sitt vidare.

Samarbeidsbedrifter

Vi har ei rekkje samarbeidsavtalar med næringslivet:

9 råd for å få læreplass