Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

AMO-kurs

Stord vidaregåande skule arrangerer til ei kvar tid ulike AMO-kurs i samarbeid med NAV. For å kunna søkja deg inn på eit av kursa våre, må du vera arbeidsledig og over 19 år.

AMO-KUrs våren 2021:  Sveisekurs,  akvakulturkurs og tømrarkurs

, e tilbyr

Me samarbeider med NAV om følgjande kurs for arbeidssøkjarar våren 2021

  • Sveisekurs, kontinuerleg oppstart. Kurset har 12 kursplassar, og så snart ein er ferdig med opplæringa, tek me inn ein ny deltakar. Kurset gir opplæring i sveising på ulike nivå, og i ulike metodar:
    • 111 elektroder
    • 136 rørtråd
    • 138 metallpulverfylt rørtråd
    • Evt. 141 TIG,131MIG og 135 MAG 
    Alle kurselevar får tilbod om eitt sveisesertifikat,og kurstida for den enkelte kursdeltakar varierer frå ei veke til 25 veker. Opplæringa går føre seg i Aker Solutions si opplæringsavdeling på Eldøyane, og det vert undervist dagleg frå 07.00-15.00. Det meste av aktiviteten skjer i verkstaden, utanom 5 t i veka med sveiseteori. Kurset har ingen teoretisk prøve, kun  praktisk prøve. Deltakarar vert oppmoda om å melde seg opp til privatisteksamen i sveisefaget.  
  • Akvakulturkurs, 19 vekers kurs - kurset startar 21.januar og er ferdig 4.juni. Kurset blir gennomført i game AMO-senteret på Heiane, Ringvegen 24. Kurset fører fram til privatisteksamen i vg3 Akvakultur, og passar for deg som ønskjer jobb innan oppdrettsnæringa. Kurset består av 12 veker teori og  6 veker praksis i bedrift. Me samarbeider tett med næringa, og legg vekt på praktisk og variert undervisning. Mellom anna kjører me teoridagar ute på flåten til Engesund Fiskeoppdrett. Me har og inne instruktørar frå næringa for å undervise på kurset. I slutten av kurset kjører me intensiv eksamenstrening, der me m.a. hentar inn tidlegare kursdeltakarar som ressursar. 

 

  • Tømrarkurs, 19 veker - kurset startar 25.januar og er ferdig 8.juni. Kurset blir gennomført i game AMO-senteret på Heiane, Ringvegen 24 . Kurset fører fram til privatisteksamen i vg3 Tømrarfaget, og passar for dei som ønskjer å bli tømrarar. Kurset består av 14 veker praktisk og teoretisk opplæring, samt 4 veker praksis i bedrift. Me samarbeider tett med lokale tømrarbedrifter, og legg vekt på praktisk og variert undervisning. I slutten av kurset kjører me intensiv eksamenstrening. I løpet av opplæringa byggjer me m.a. boder, og tek på oppdrag for kundar om me har tid.  

 

Du treng ingen forkunnskapar for å starta på kursa våre. Etterspørselen etter arbeidskraft varierer, men i hovudsak viser det at om du har motivasjon og pågangsmot, så styrkar dette sjansane dine for å få jobb. Fleire av kursdeltakarane våre søkjer og læreplass etter avslutta kurs.  

Ønskjer du plass på eit AMO-kurs?

Det er NAV som administrerer kursa, og er du interessert i eit AMO-kurs må du ta kontakt med NAV. Du finn nyttig informasjon på NAV si heimeside, eller ved å ta kontakt med rettleiaren din. Lurer du på noko vedrørande kurset, må du gjerne ta kontakt med oss.

 

 

Har du fått plass på eit AMO-kurs?

 I inntaksbrevet frå NAV står det kor du skal møta første kursdag. Du får og ytterlegare informasjon om kurset frå NAV, eller ved å venda deg til oss. 

Merk at kursa blir gjennomført på ulike adresser. Sveisekurset går på Eldøyane, akvakulturkurset og tømrarkurset blir gjennomført i Stord vgs sine lokale på Heiane, tildlegare Stord AMO-senter, Ringvegen 24.  

 

 

Har du behov for innkvartering?

Kursdeltakarane våre har gjerne behov for ein stad å bu i kurstida. Det finnest mange mogleikar for innkvartering, alt frå rimelege hybelhus til private husvære. Eit google-søk kan gi resultat, ta kontakt med oss om du treng hjelp.

 

 

Trivsel og miljø

Det er viktig for oss at du trivest og finn deg godt til rette! Me gler oss til å bli kjend med deg og håpar du får mykje ut av kurstida, både fagleg og sosialt. Me har tillitsvalde på alle kurs, og me legg til rette for aktivitetar som fremjar trivsel og god læring. Me tek kvar kursdeltakar på alvor, og me spelar på lag med kursdeltakarane. Me likar og å overraska!  

Det kan vera særs spennande å setja seg på skulebenken i vaksen alder, men me veit at det kjem til å gå heilt fint. Godt samarbeid og god dialog er viktig.   

 

VELKOMMEN PÅ KURS!

 

 

TA KONTAKT

Avdelingsleiar kursverksemd
Profilbilde av Anne Grete B. Bjelland

Anne Grete B. Bjelland

Send e-post
Stord Opplæringssenter